Sangtekst
Trø varleg min fot
Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl · Tekst: Olav Mosdøl
Dei siste åra besøkte eg henne på bygdeheimen. Eg ser andletet bak ruta, rynkene har forma sitt nettverk over eit langt liv. Auga smiler i kveldinga og minner om solefallstimar.
Ho seier: - Det er uforklarleg å minnast styrken i kroppen. Eg var sytten somrar og elska arbeidet, kjende fryden når mjølka auka i bytta og osten stod på rekkjer i mjølkehuset. No ligg eg stille på senga og bed om lindring for smertene.
Men eg har mine gøymestader. Der fører eg daglege forhandlingar med vår Herre, om at eg må vakne død i morgon.
- Med foten på dørstokken står sjela på tynne solar. Ho ser inn i det store og ukjende. Undrande står ho. Ustø står ho. Dei tynne solane kjenner trykket frå dørsstokken mellom tid og æve.
I kveldstimen tek me farvel og veit ikkje at dette er siste gongen. Men eg har ei underleg kjensle av å stå på terskelen til det ukjende. Difor seier eg stille i skumringa: - Trø varleg min fot. Ja, trø varleg.