Hopp til innholdet

Sangtekst

Song til Kviteseid

Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl · Tekst: Olav Mosdøl · Musikk: Gunstein Draugedalen

Me bur i eit landskap med høgfjell og dalar der folk kjem frå aust og frå vest. Det blømer så vent i dei sørvende lier som ligg unna stormar og blest. Kviteseid, vår bygd ved Kanalen, og byen der me trivs som best.

Her budde det folk ifrå eldgamle tider i Vrådal og Fjågesundli. I Morgedal forma ein frikar som Sondre ein telemarksving for si tid. Kviteseid, vår bygd ved Kanalen, og byen med bryggje og liv.

Her seglar Victoria fri som ei svane nær Spjotsodd og Sundkilen bru. Me vinkar velkomen til gjester på båten og helsar med smil eg og du. Kviteseid, vår bygd ved Kanalen, og byen der mange vil bu.

Når klokka ho ringjer frå kyrkja og tårnet kan tankane falle til ro. Då takkar me stille for alle som bygde ein heimstad med omsorg og von. Kviteseid, vår bygd ved Kanalen, og byen med himmel og sol.