Hopp til innholdet

Sangtekst

Jolekveld

Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl · Tekst: Olav Mosdøl · Musikk: Gunstein Draugedalen

Stille – stille. Det syng i natt: Tonar milde om lova skatt. Sus i lufta av venger små. Englar kjem ifrå himmel blå.

Stille – stille. Dei syng sin song: Fred på jorda enno ein gong. Himlen lyser i vester klår. Stjerna blinkar på ferda vår.

Stille – stille. Det syng eit kor. Ljodar vidt over heile jord: Barnet sveipt i ei krubbe er. Gud er komen oss alle nær.

Stille – stille. Dei gleda gav. Songen stig over land og hav: Himmelsonen i verda går. Jesus Kristus er vegen vår.