Sangtekst
Dei ljose dagar
Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl · Tekst: Olav Mosdøl · Musikk: Gunstein Draugedalen
Dei ljose dagar og gode minne me gøymer djupt i vårt hjarta inne. Dei er som stjerner i mørke natt og legg i hugen sin gylne skatt.
Dei blanke stjerner vil for oss lyse når me i livet må sorga hyse. Eit venleg handtrykk med gode ord er beste gåve frå syster, bror.
Så stend me saman når himlen mørkjest og kjenner hjarta vårt stille styrkjest. På denne vandring i jordlivskår me eig ei von om ein evig vår.