Hopp til innholdet

Sangtekst

Nytt er livet

Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl · Tekst: Olav Mosdøl · Musikk: Gunstein Draugedalen

Nytt er livet som grip tak i ljoset når det fyrste skriket sprengjer tida. Foten lyfter seg frå faste punktet og ein foss av lyd slår gjennom stilla.

Handa søkjer mot den varme kroppen i det store rommet under stjerner. Freden samlar seg i mjuke neven når ein liten munn mot bringa vender.

Fint er livet med sin store sjanse i eit under skapt av fryd og smerte. Barnet gjennom tid og rom kan danse heilt til tårer kjem og gjestar hjarte.

Auga vender seg mot nye dagar tek mot kjærleik under open himmel. Håpet kjem frå Herren som velsignar og held fast i verdas travle vrimmel.