Hopp til innholdet

Sangtekst

Den usynlege gjesten

Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl · Tekst: Olav Mosdøl

Det går ein usynleg gjest, det går ein usynleg gjest over markene. Han smiler ofte på den gamle vegen. Me høyrer røysta i lufta me høyrer røysta i lufta når klokkene kling over åsane.

Rynkene lettar frå dei trøytte andleta, sorgene slepper taket i dei stramme leppene. Ei tåre vaskar kinnet ei tåre vaskar kinnet når ljoset syner Meisteren gjennom eit roseglas.

Det går ein usynleg gjest, det går ein usynleg gjest over tiljene. Han trøystar ofte med dei milde augo. Me kjenner handa på døra me kjenner handa på døra når klokkene kling over åsane.

Smertene losnar frå dei tunge føtene, salmar opnar orda for dei tause stemmene. Ei hand deler ut brødet og vinen til orda frå ein Menneskeson. Så går me stille til Golgata.