Hopp til innholdet

Sangtekst

Songen gjennom alle tider

Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl · Tekst: Olav Mosdøl · Musikk: Gunstein Draugedalen

Songen gjennom alle tider tonar over vide vidder, bårar over land og hav. Ein song om jord, ein song om himmel med rytmen ifrå hjarta til vår Gud som skapte alt i livets store vrimmel. Takk gode Skapar, som dikta kropp og pust med koden i vårt kjøt og blod.

Songen gjennom alle tider lyfter seg frå by og bygder, med ei von som stig av grav. Ein song om tru, ein song om frelse frå alle svik og mørke nederlag som trugar kloden vår og liv og helse. Takk gode Frelsar, som tømde lidings staup då smerten brann i hug og hold.

Songen gjennom alle tider er den store guddomsgåva gitt til alle folkeslag. Ein song om draum, ein song om sæle der freden rår og ikkje kniv og drap som øyder venskaps band og barnemæle. Takk gode Ande, som tolkar tid og rom med tonar ifrå himmerik.