Sangtekst
Kom Fader vår
Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl · Tekst: Olav Mosdøl · Musikk: Gunstein Draugedalen
Kom Fader vår ver morgonen sitt auga som faldar ljoset ut til ein bukett. Sekund stig opp or nattas skjøre vase og rislar stilt frå himlens blå palett.
Me bryt eit brød i lyse morgonstunder når Herren opnar stilt sitt fargeskrin. Vårt brød på bordet skaper fryd og glede og gjev ei kraft til heile dagen min.
Me dukar bord for alle kjære vener når me skal plante fellesskapets blom. Den gylne drikk av Andens søte druer gjer smaken til ein song i hjarterom.
Du livsens ord er brødet som me deler på denne vandring under jordlivs kår. Takk Herre Krist for omsorg og den føde som nærer tru igjennom alle år.