Hopp til innholdet
Plateomslag, Stedje, Lothe, Tokvam «Summetonar» Del på Facebook
Utgitt
13.04.2023
Katalognr
GRAM23169
Sjanger
Visepop
Format
Album / LP
Label
Grammofon · se alle utgivelser

Stedje, Lothe, Tokvam

Summetonar

«Summetonar har blitt en behagelig rundreise i enkel og trygg barndom, smale vestlandsveier, store følelser og overveldende tanker …» Dust of Daylight

Dei tre artistane har samla seg om eit felles prosjekt. Å lage eit album med utgangspunkt i kor dei kjem frå. Den geografiske og musikalske fellesskapen. Musikken dei har lytta på opp gjennom. Menneska dei har møtt langs vegen. Og ikkje minst alle stadane, krikane og krokane dei kjenner både kvar for seg og saman. Stadar som ber på minner. Balestrand, Vadheim, Nordfjord, Sogn og Kjølsdalen – desse og fleire stadar får sine songar.  For alle stadane husar tekstar og historier.  Frå poetiske hyllestar, via sjølvransakande erkjenningar til absurde fortellingar. Frå nærleik til fråvær.  I det lokale søkjer dei det universelle. Kjærleiken, lengten og livet.

Olav Stedje har vore plateartist sidan 1981. I sitt syttiande år ser han framover og kjem med ny musikk. Brorparten av songane på Summetonar er heilt nye. Med tekst og musikk signert Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam. Det resterande er gjendiktningar av klassikarar som Witchita Lineman og Galveston.

Albumet Summetonar kjem 13. april. Gjesteartistar på albumet er Sigrid Moldestad, Steinar Karlsen og Stardalen Mannskor.

Ellers medverkar; Halvor Folgerø (bass), Sigbjørn Apeland (tangentar), Per Hillestad (trommer), Jan Erik Reknes (trompet), Ine og Miriam Tumyr (kor), Martin Windstad (perkusjon), Torbjørn Ellingsen(strenger, tuba, trekkspel og vibrafon) ,  Daniel Birkeland (kor og tangentar), Erlend Styve (gitarar), Bjarte Aasmul (gitar) og  Bendik Brænne (sax og blåsearr).

Innspelt i: Hallibakken Lydstudio og Havnelageret studio

Miksa av Tor Magne Hallibakken og Daniel Birkeland

Produsert av Finn Tokvam og Odd-Erik Lothe

Spilleren lastes fra Spotify, som bruker informasjonskapsler.

Låtoversikt

Spor Tittel TekstMusikk Tid Sangtekst
1 Karane på benken Finn Tokvam Odd-Erik Lothe 4:11 Se tekst
2 Lisjebreiløkjen Odd Erik Lothe Odd Erik Lothe 4:00 Se tekst
3 Nedlagt ferjekai Finn Tokvam Odd Erik Lothe 4:17 Se tekst
4 Nordfjord, meg og deg Benson/Odd-Erik Lothe Benson 3:58 Se tekst
5 Daud manns blues Finn Tokvam Odd-Erik Lothe 3:59 Se tekst
6 Balestrand Webb/Finn Tokvam Webb 3:22 Se tekst
7 Grotle Lothe/Karlsen 4:09
8 Du, det var så lite Finn Tokvam Odd-Erik Lothe 4:34 Se tekst
9 Kjølsdalssongen Odd-Erik Lothe Odd-Erik Lothe 4:10 Se tekst
10 Summetonemannen Webb/Finn Tokvam Webb 3:16 Se tekst
11 Vadheim hotell Durden, Axton,Presley/Lothe Durden, Axton og Presley 3:31 Se tekst
12 Reise Odd-Erik Lothe Odd-Erik Lothe 4:30 Se tekst
13 Når eg når te Bergen Webb/Lothe Webb 3:00 Se tekst
14 I Sogn ein stad Finn Tokvam Odd-Erik Lothe 3:24 Se tekst

Anmeldelser

18.04.2023
«Summetonar har blitt en behagelig rundreise i enkel og trygg barndom, smale vestlandsveier, store følelser og overveldende tanker og drømmer om den store verden der ute. Tre av …»
Dust of Daylight Les anmeldelsen →

Andre utgivelser med Stedje, Lothe, Tokvam