Hopp til innholdet

Sangtekst

Kjølsdalssongen

Stedje, Lothe, Tokvam · Tekst og musikk: Odd-Erik Lothe

Det lenge sia eg va bufast her, men med åra kjeme du endå meir nær det e her som røtene e planta fast, frå stad te stad e du mi dyre last det e her kor alle blånke minne bur, det va her eg kleiv i epetre og ur her alle arr va friske sår en gong, det var her eg skreiv min aller fyrste song

Å, te Kjølsdalen ve eg komme heim, sjølv om skodda henge lavt og bussen alltid e litt sein på en godveirsdåg e du en nål eg i en høstakk fann då e ingen meire grøn og blå, du e mitt draume land Å, te Kjølsdalen ve eg komme heim, det va her eg fekk mitt fyrste kyss, va her eg lo og grein du e ei skjønnhet som eg gløymde, som eg gøymde i en sko tru meg; du har aldri vore finare enn no

Her har eg vore dreng og bore staur, her har eg rekt omkring og vore slaur her har eg gått på skule og fått skjenn, og ros når eg retta alt igjen

Her har eg gått i korps og 4H med håp om jenter som eg kunne få Her har eg skjenkt meg svimmel, ør og glad på flakedans med fallerallera

Frå Sanden og Neset, te Jeddalen, Jådalan, Flakjen og te fjella rundt i ring frå Framigard, Inigard, Utigard, Oppitun, ja, kver krik og krok og sving gje meg rømegraut og svele, gje meg løfse og klubb gje meg meir enn eg kan tåle for eg elskar rubb og stubb!