Sangtekst
Daud manns blues
Stedje, Lothe, Tokvam · Tekst: Finn Tokvam · Musikk: Odd-Erik Lothe
Her er historien om han Elling, ein sognagentleman Han lukta Vademecum og Old Spice, litegrann Han jobba på kraftlaget, var snill so eit lam Men var hard med seg sjølv og hard på dram Og svak helsa sleit han med, da gjekk opp og da gjekk ned
Elling vakna ein måro, klokka va borti sjau Han spratt ikkje opp, han kjende seg dau Han fekk velta seg ut på golvet og krabba til eit speil Og då han såg dar, so såg han kva som var feil Herregud, sa han Elling. Eg e dau
Det er for seint å gje opp Alt går viss du ve Du må kvikna te, berre ve som Elling Ikkje ta telling Ikkje ta telling
Eg tok og spurde han Elling, kva gjorde du so? Nei, eg ga ikkje opp, sjølv om hjerta ikkje slo Eg kom meg på sykkelen og trødde med klogga Men det va ikkje lett, du veit blodpumpa va stogga Men ein ting va berre greitt, ein må holda liket heitt
Liket hans Elling var den fysste kunden den dagen Da kjøpte to heile på S-Laget nede på Lunden Du veit pils e øl og bayer e medisin Så eg fekk i meg ei av kvar og då var eg fin Hjerta begynte å slao
Altso, eg ha sett folk i joggebuksa som ikkje ha jogga So eg tvila helle ikkje på at hjerta hass Elling stogga No finst da kanskje sogninga som lyge litegrann Men slik var ikkje Elling, han var ein sognagentleman som ikkje ein gong la seg ned, dao han strauk med