Hopp til innholdet

Sangtekst

I Sogn ein stad

Stedje, Lothe, Tokvam · Tekst: Finn Tokvam · Musikk: Odd-Erik Lothe

Snøen ha smelta i Seltuftskåri Sildrande bekkar renn ut i verdi Fjell fører fjorden inn Til staden som er berre min

Går bakkane opp, legg minne i sekken Finn meg ein skugge på Hønsaflekken Bøen har grønska seg Og i alt så ser eg deg

Det som du var Alt som du er Noko blir igjen når eg må dra Heime er her Det ser eg no Du finn meg inst i Sogn ein stad

Dette var meg, dette var lykke Her er mitt folk med fjell kring som smykke Takk for at du heldt meg Sjølv når eg var langt i veg