Sangtekst
Du, det var så lite
Stedje, Lothe, Tokvam · Tekst: Finn Tokvam · Musikk: Odd-Erik Lothe
Døgnet er snudd på håve Lyset er som ein kniv Eg er ein bylt av lengsel Dette er òg eit liv
Tømmer alt ut av skapet Seier takk og farvel Søv meg gjennom dagen Drikk meg inn i ein kveld
I speilet ei blå rand av rødvin Eit smil som trumfar eit grin Du har alle brikkene, dei svarte og kvite Du, det var så lite
Kor tok det vakre vegen Mørkeret rommar ditt namn For deg var eg eit fengsel For meg var du ei hamn
Ut på vandring, ut og leite Finne ny stad å bli Bli nokre dagar Eller all mi tid