Sangtekst
Karane på benken
Stedje, Lothe, Tokvam · Tekst: Finn Tokvam · Musikk: Odd-Erik Lothe
Det sit nokre karar på ein benk i bygda mi Dei held seg helst i ro, berre tida fer forbi Dei snakkar litt om vér og helsa og om hjortejakt Men helst så er dei stille, det meste er vel sagt
Dei veit kva som skjer, kven alle er i bygda si Dei kjenner alle linjene frå no til gamal tid Dei har sete der ei stund, dei har alltid vore der Det hender at dei røyser seg og trakkar litt og ser
Karane på benken deler dagen der i lag Dei veit det så vel Berre fjell og fjord står att ein kveld Så kom og set deg ned
Dei spyttar mellom tenna og klappar gamle pus Veit om alt som skjer i både heim og heradshus I kommunen er dei toskne, dei manglar jo ein plan Og halte-Sjur har fått seg flett ny hofte i titan
Som ein stødig stabbestein på evig utrygg veg Sit dei der på benken, ser på folk som kjem og dreg Heime ventar middagen, det blir nok steikt makrell Me sjåast att i morgon, ha god middag og god kveld