Sangtekst
Vende vanene
Ni Liv · Tekst: Jon Solberg · Musikk: Jon Solberg / Jan Birger Akerhaugen
I kveld trakk eg i finstasen og tok med meg sjølv på byen Ein dram for senka skuldre, og to for senka augebryn Det er så fort å bli blenda av dom som skin så skrekkeleg så tri for glømme, og fire for å hugse deg
Eg jobbar ennå nedpå saga, og sjølv om det er et jag sluntar eg aldri unna. Eg skoftar aldri ein regnversdag Det er meir enn ein kan sea om gamlenabo’n Tor Du hugsar han som tok ein «3-dagar» for et tett nåsåbor
Bare ein gong til Så skal eg vende vanene
Eingong drakk me livet frå kasser med jubelbrus Ungenn budde heime, og du ville ha meg i hus Nå drekk eg av gamal vane, hælj inn og hælj ut men eg er ikkje han som hugar og aldri vil innsjå at festen er slutt
Minner gjeng på krykker, og du, du gjeng på rim Eg kan sjå deg smile på bånn av ein dobbel Jim Beam Livet er for kort, denna songen au, igrunn til å få forklart for ein jækla stut eg var som oppførte meg sånn
Bare ein gong til Så skal eg vende vanene
Eg dro ut i god tru, og kom heim i feil kropp det eg tenkte måtte ned, og det eg drakk måtte opp Nå snurrar eg som gamal LP full av hakk og syng på lange vokalar og forstenn åffår du stakk
Men i morgo når eg vaknar og slikkar gamle sår skal eg ringe til meg sjølv og spørre: Prata eg med deg i går? Ingen av kånn hugsar, men om verdama melder sol skal eg tørke den fuktige historia kåns over lenestol’n
Bare ein gong til Så skal eg vende vanene