Hopp til innholdet

Sangtekst

Anne Li i heia

Ni Liv · Tekst: Jon Solberg · Musikk: Jon Solberg / Jan Birger Akerhaugen

Når eg kjem heimatt til sommar’n, da veit eg hått eg skal Sveise hølet i den gamle potta og kjøre Tempo til Liheia Der bur Anne, vakre Anne. Ei jente eg kjente før Ho sa: «Bare kom når du vil, her er det open dør!»

Opp til Anne Li i heia Ho gjev meg den rette pleia Ho får eg aldri nei av Opp til Anne Li i heia

Me var på nyttårsfest hos Anne, heile gjengen i 92 Vidar sa: «Eg blei født da ho kyssa meg, og daua da ho dro» Han stal sveisen av Humphrey Bogard, og vhs-en av meg Men Anne sa: «Dekkan er vinden. Eg er Lifjell - skal ingen stad»

Vidar gifta seg med ei frå Lunde, eg har hat-trick i å vera skilt Han sier: «Eg er mykje flinkare enn deg til å vera utro og likestilt» Det har han sikkert rett i, for detta spelemannslivet er hardt Ett steg fram, to tilbake og rope på meir fart

Ho var sammen med ein diktar på 60, godt og væl Han dikta mest om døden, har eg hørt, og så dikta’n han seg ihæl Men eg hugsar ein fest i bygda da ho spurde: «Vil du danse med meg a?» «Dom andre dansar betre enn meg» Ho sa: «Ja, men dom vil eg ikkje ha!»

Eg trur ikkje på happy endings, men eg trur på ein lykkeleg start Når eg kjem heimatt te sommar’n, når Anne ser meg att Da kan musikken og vegen vente, dom reiser ingen stad Men viss ho spør, om eg tør, finn eg fela mi og spelar Anne glad