Hopp til innholdet

Sangtekst

Jakob

Ni Liv · Tekst: Jon Solberg · Musikk: Jon Solberg / Jan Birger Akerhaugen

På tide å pakke, på tide å dra Gløm ho, Jakob, gløm ho og finne lykka ein anna stad Det er over Jakob, gløm ho

Legg att skuld og legg att skam Gløm ho, Jakob, gløm ho Reisa startar med ein fot fram Det er over Jakob, gløm ho

Du veit du alltid har vore stolt Gløm ho, Jakob, gløm ho Men stolt har aldri kjærleik tålt Det er over Jakob, gløm ho

Reis med vinger, på hjul eller kjøl Gløm ho, Jakob, gløm ho Du reiser aldri frå deg sjølv Det er over, Jakob, gløm ho

Det er over Jakob, gløm ho Det er over Jakob

Du veit me haustar det me sår Gløm ho, Jakob, gløm ho Lær deg å elske det ingen klappar for Det er over Jakob, gløm ho

Det er ei tid for latter, ei tid for gråt Gløm ho, Jakob, gløm ho Ei tid for å synge ei avsjelslåt Det e over Jakob, gløm ho

Det er over Jakob, gløm ho Det er over Jakob