Sangtekst
Hiv og hoi
Jon Solberg & Anne Gravir Klykken · Tekst og musikk: Jon Solberg
Eg skriv til deg, kjære Mari og håpar at brevet kjem fram frå ein Gudsforlatt sjømannsbar i tåka i Rotterdam Du har vel sikkert glømt meg hell’ kasta kånn to på dør Men elle kjenslene mine er dessverre dom samma som før
Her gjeng det i rigging og lasting og lossing og båssen er hard så det held Eg kjem fort borti krangling og slossing eg er sleivkjefta, hugsar du vel? I Lisboa møtte eg ein drankar han spanderte short time og vin Men eg vakna med tatovert anker og «Mari» på armen min
Hiv og hoi - Hiv og hoi - Hiv og hoi Kan eg sjå deg når eg kjem heim?
Eg hørte du fekk ei datter eg tippar ho smiler som deg Eg hørte gubben din er forfatter og eg håpar han eg snillare enn meg For eg møter så mange jenter så mange som liknar på deg Og eg gjeng her og leiter og ventar mens gamle sår opnar seg
Hiv og hoi - Hiv og hoi - Hiv og hoi Kan eg sjå deg når eg kjem heim? Eg er ingen kaptein Ahab Eg jaktar vel mest på meg sjølv Ein lettmatros på Tarifa som druknar ein frikveld i øl Sku’ ha fridd til deg der i krysset 7 år sea er det vel nå Da eg stal det siste kysset og du gret da eg mønstra på
Hiv og hoi - Hiv og hoi - Hiv og hoi Kan eg sjå deg når eg kjem heim