Sangtekst
Når kvelden kjem
Håkon Paulsberg · Tekst: Josef G. Larssen · Musikk: Svein A. Lindemark
Når kvelden kjem og en tenkjer etter, Så var det mykje en kunne gjort, Men dagen har berre sine timar Og tida går jo så altfor fort. Det var så mange og gode høve ein burde nytta og gjort litt med, men samma korleis det heile snudde, vart alltid tida for knapp tel det.
Når kvelden kjem og ein tenkjer etter På alt ein ikkje fekk til å gå, så gjer det godt og gjev ro i sjela om ein har noko å skulda på. Då kan ein skulde på livets lagnad for att ein berre fekk det ein fekk, og at ein aldri tok nokon sjanse fordi dei største til andre gjekk
Men om nå kveldstanken fer på vidda, så kan det hende han undrar seg om ikkje lagnaden var blitt betre om einkvan hadde hjelpt han i veg. Og om ein saknar den store sjansen når ein ser etter i livets bok, så kan det hende at denne sjansen var nettopp den som ein ikkje tok.