Sangtekst
Brev til sommaren
Håkon Paulsberg · Tekst: Josef G. Larssen · Musikk: Monrad Holm Johnsen
Du kjære sommar, ta med deg sola Og kom ein tur hit, til Alversund. Det er snart Jonsok, og skulen sluttar Så kom du berre og ver ei stund Den blå syrinen, i Gamlehagen er full av knoppar, så du forstår at det som trengs, det er sol og varme, så skund deg sommar, for tida går.
Du kjære sommar, ta med deg sola, og vev ditt teppe med blomar på. Med nattfiol og med tiriltunge og prestekrage og balderbrå. Kom hit med solskinn og varme dagar og fine kveldar med fløyelsvind, så skal jeg prise deg kjære sommar, I aller tynnaste kjolen min.
Så snart du kjem, så skal jeg få reise til Besten min sørpå Varaldsøy. Å - eg skal bada og plukka jordbær og ri på Blakken og køyra høy. Å - kjære sommar, ta med deg sola og kom så fort som du berre ka,n eg ventar på deg, du er velkomen, - med vennleg helsing frå Mari-Ann.