Hopp til innholdet

Sangtekst

Kan du kje frelse all verda

Gunstein Draugedalen · Tekst: Trygve Naper · Musikk: Gunstein Draugedalen

KAN DU KJE FRELSA ALL VERDA

Kan du kje frelsa all verda frå synder og sorg og mein. Så prøv om du maktar å hjelpe og berge om berre ein.

Kan du kje stille den angsten som herjar i alle land. Så ta i din trufaste neve ei ottefull barnehand.

Kan du kje dele med alle ein bit av di dyre tid, så tenk då på dei som står nær deg og hjelp dei i livsens strid.

Og får du kje krans om di panne og ros når du ligg i di grav, så vit at Vårherre vil minnast den skjerv du i kjærleik gav.

Då tel ikkje verda si ære, då veg ikkje vakre ord, men det du i kjærleik har ofra om sjølv for din minste bror.