Sangtekst
Du ser det ikkje på meg
Gunstein Draugedalen · Tekst og musikk: Gunstein Draugedalen
DU SER DET IKKJE PÅ MEG
Du ser ikkje på meg at eg er redd eg gøymer meg bak det eg kan. Eg syner bare at eg er kledd i dei finaste kleda eg fann.
Du ser ikkje på meg at eg har sår, eg gøymer dei djupt i mitt sinn. Eg syner deg ikkje angsten som rår og jagar kvar glede eg finn.
Eg syner deg ikkje meir enn eg vil fordi eg er redd for din dom. Redd du vil draga meg ned med din tvil og stenge di dør om eg kom.
Men nå vil eg likevel syne deg meir, ja, alt det som kjendes så smått. Eg trur du vil tåle meg slik som eg er – det skjelvande liv eg har fått.