Sangtekst
Doggdråpen
Gunstein Draugedalen · Tekst: Oddmund Haugen · Musikk: Gunstein Draugedalen
DOGGDROPEN
Eg er bare doggdropen liten og veik som skjelvande ligg på eit blad. Eg lever ’kje lenger enn morgonen ut, så driv eg frå land og fer av.
Du skapte meg, Herre, og gav meg eit kall til arbeid i vingarden din. Sjå doggdropen blenkjer når ljoset slepp inn, i Guddommens prydnad han skin.
Eg lever i nåde og tryggleik hos deg frå dagning til kveldsola sig. Dei strålar du sender er varme for meg til hjelp på den mørke stig.
Eg veit eg må falle til jorda eingong når bivrande vind tek meg bort. Då reiser eg heim til det himmelske land og takkar for alt du har gjort.