Sangtekst
To tankar
Torolf Nordbø · Tekst og musikk: Torolf Nordbø
Kveldssolå tar avskjed, så sig ho sakte ned Nå ligg ho der bak fjella og lyser opp sin fred Opp av raude sjæret, som hildring stig du inn Lengtande så sit eg her og veit at du er min Livet kan ver kronglet og vegen kan ver bratt Natta kan ver kolsvart og dagar kan bli natt Livsmod går i bølger, mørke skyer driv me har eit liv i samen, men også kvart vårt liv
REFR: To tankar fyljes, utanfor all tid To varme ynskje, skjer igjennom strid To hjerter sender signaler øve land To håp går føre, der ingen av oss kan
Reisene er lange, det kan me begge sjå Begge vil me skapa, og begge vil me så
Men heime der ved peisen, me pratar, et og drikk Hjarte slår mot hjarte, og blikka møter blikk Interiør og fargar, blir kaleidoskop Augene er portar, så smeltar me i hop