Sangtekst
Den største og den minste
Torolf Nordbø · Tekst: Torolf Nordbø · Musikk: Oskar Nordbø/Torolf Nordbø
Eit fattig par gjekk rundt og spurde om ein stad og sova Maria var med barn og desse to var kun forlova Ingen stad var plass til dei, kva meinte Gud med dette? Barnet var hans eigen son, profetar hadde sett det Dei hadde sett ein evig konge i den høge hallen Men nå var dei på veg i natta mot den usle stallen
REFR: Den største og den minste blir i natta fødd til jorda Gud blir menneske på jord, Maria ho var mora ”Det skje med meg som du har sagt”, Det er dei største orda!
2. Enkle hyrdar sat ved bålet, prata for det meste Lågaste på rangstigen, forakta av dei fleste Så med eitt kom englane, alle høyrde songen Dei lova Gud og bar eit bod om barnet som var kongen Og hyrdane braut opp og fann så barnet der med mora Kongen låg i krybba, fyrste gong han kom til jorda
3. Tre kongar drog frå trygge slott frå fjerne austerlanda Dei følgde bak ei stjerna som om Gud heldt dei i handa ei lengt frå djupet bar dei mot ei ukjend ny erfaring og der i stallen såg dei Gud si store openbaring Dei såg den største i den minste,--såg eit håp for verda Dei fekk ei indre ledestjerne med seg heim på ferda