Sangtekst
To hender
Gunstein Draugedalen · Tekst: Trygve Bjerkrheim · Musikk: Gunstein Draugedalen
To hender
To hender er tenkt til å takka, så mykje vår Gud let oss få. To hender er tenkt til å faldast og lyftast i bøn mot det blå.
To hender er tenkt til å femna, og ei til å støyta i frå. To hender skal tårone turka der dagen er traurig og grå.
To hender er tenkt til å signa, og ikkje til harde å slå. To hender er etla til yrke, – det edlaste såkornet så.
To hender er tenkt til å tena og trøysta dei arme og små. To hender er tenkt til å gjeva i kjærleik meir sælt enn å få.
To hender på krossen skal peika so heim me til himlen kan nå. To hender mot truna skal rettast i fryd når me Herren får sjå.