Hopp til innholdet

Sangtekst

Me har alltid det beste igjen

Gunstein Draugedalen · Tekst: Trygve Bjerkrheim · Musikk: Gunstein Draugedalen

Me har alltid det beste igjen

I frå lys til lys går vår pilgrimsveg, nye kjelder ved livsvegen renn. Og me minnast med fryd når me framover dreg: Me har alltid det beste igjen

Stundom stormar og brusar det kring oss på jord, og vårt hjarta i lidingi brenn. Å, kor stort då i stormen å minnast dei: Me har alltid det beste igjen.

Og når dagen er enda, me gret ei for det. Då den evige morgon renn. Ja, når livssoli sistpå i vester gjeng ned: Me har alltid det beste igjen.

Gud vil vera oss god i frå år og til år til ved grensa av æva me stend. Då me jublar i fryd mot den evige vår: Me har Jesus og himlen igjen.