Hopp til innholdet

Sangtekst

Jesus tek seg av den eine

Gunstein Draugedalen · Tekst: Trygve Bjerkrheim · Musikk: Gnstein Draugedalen

Jesus tek seg av den eine

Jesus tek seg av den eine som om ingen andre var. Han har tid for deg når hine tid og time ikkje har.

Jesus tek seg av den eine, nett som doggi glitreklår, i den stille sumarstundi heile morgonsoli får.

Jesus tek seg av den eine om du minst av alle var, vil han møta deg med kjærleik som trufast bror og far.

Jesus tek seg av den eine. Sæl kvar ein som går til han. Dag for dag han vil deg leia til du når det gode land.