Sangtekst
No kjem ein vals
Ausekarane · Tekst og musikk: Johannes Kleppevik
Eg heiter Jens og er sjømann Skuta den kom inn i går. Me kjem frå varmere strender, der det er solskin og vår.
No kjem ein vals. Den vil eg ha med deg Kom lat oss dansa til trekkspelmusikken Til sola går ned
Du var’kje fødd då eg mønstra Ut første gong, femten år Skuta sitt namn, det var ”Rita” Reisa gjekk til Singapore
No kjem ein vals. Den vil eg ha med deg Kom lat oss dansa til trekkspelmusikken Til sola går ned
Aldri eg kan gløyma Rio Då eg var på karneval. Du skulle sett kor dei dansa Tok seg så lystig ein trall
No kjem ein vals. Den vil eg ha med deg Kom lat oss dansa til trekkspelmusikken Til sola går ned
Eg har reist rundt om i verda Sett mykje gjævt på min veg Men no i kveld først eg skjønar Draumen på havet var deg