Del på Facebook
- Utgitt
- 06.08.2015
- Katalognr
- GRAM1597
- Sjanger
- Viser
- Format
- Album / CD
- Label
- Grammofon · se alle utgivelser
Svarteper
Jon Solberg er mest kjent som vokalist, låtskrivar og frontfigur i Telemarksbandet Ni Liv. Ni Liv har utgitt 6 plater spilt over 250 konserter sidan 2007 og nominert til Spelemannspris. Solberg er en gitarist som for 4 år sidan fant fram den nedstøva fela til mor si og fikk feledilla. Det er særlig amerikansk old time-fele og norsk hardingfelespill han har fått fot for. I tillegg spiller han banjo og andre strengeinstrument. Gjennom Ni Liv har Solberg for lengst sett spor etter seg som en av landets fremste låtskriverer.
Jon Solberg om soloprosjektet sitt:
«Kanskje er det slik at musikantar som har spela i band heile livet på eit eller anna tidspunkt har lyst til å sette igang med eit soloprosjekt? Historia viser det, og det er ikkje så rart. Slik er det med meg au. Ingenting slår å spele i band. Særleg når det gjeld Ni Liv. Men så må ein jo prøve nye ting innimellom, når tida dukkar opp.
Det er heilt tilfeldig at dette solo-albumet kjem akkurat nå. Når ein er låtsmed, eller visesnikkar, eller singer/songwriter, eller kva ein skal kalle det, slik eg er, hopar det seg ofte opp med låtar i skuffen. Særleg i periodar der skrivetrangen boblar i blodet og gitaren og fela spring etter meg, og finn meg, samme kor mykje eg prøvar å lure meg unna. Skuffsongane kan vere meir eller mindre ferdige, men av ulike grunnar finn dei seg ikkje til rette i Ni Liv. Kanskje får dei ei varm mottaking om nokre år? Kanskje ikkje. Ingen veit. Så er det slik at låtar som blir liggande for lenge i skuffen blir rastlause og hoppar ut av seg sjølv. Dei vil ut i verda og oppleve noko. Fortelje historia si. Men ikkje alle songane på plata er skuffsongar. Nokre sprang frå hovudet mitt og rett inn på plata.
Dette er ikkje ei pop-plate. Dette er ei viseplate. Ei litt nedstemt og naken viseplate. Det handlar fyrst og fremst om tekstar med musikk innat, ikkje musikk med ord som rimar. Og tekstane mine handlar om livet på godt og vondt og det midt imellom, slik alt eg skriv gjer. Kva skal ein elles skrive om? Som vanleg blei det ein god del kjærleik. Kanskje i overkant, vil somme hevde. Men eg meiner det eg skriv, og eg skriv det eg meiner. Og dersom det var det eg meinte den gongen visa blei laga, så må eg stole på det.
Svarteper er som alle veit eit kortspel der para stikk av, eitt etter eitt, og taparen sit att med sparknekt, altså svarteper. Sparknekt lar seg ikkje parre, for kløverknekt er ikkje med i spelet.»
Spilleren lastes fra Spotify, som bruker informasjonskapsler.
Låtoversikt
| Spor | Tittel | Tekst | Musikk | Tid | Sangtekst |
|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Tusen tomme ord | Jon Solberg | Jon Solberg | 2:40 | Se tekst |
| 2 | Elt e mitt | Jon Solberg | Jon Solberg | 3:00 | Se tekst |
| 3 | Pappa kjøpte orgel | Jon Solberg | Jon Solberg | 4:20 | Se tekst |
| 4 | Brenne min siste bru | Jon Solberg | Jon Solberg | 3:18 | Se tekst |
| 5 | Regel no. 1 | Jon Solberg | Jon Solberg | 2:36 | Se tekst |
| 6 | Svarteper | Jon Solberg | Jon Solberg | 3:41 | Se tekst |
| 7 | Skurk og helt | Jon Solberg | Jon Solberg | 3:08 | Se tekst |
| 8 | Kjære Inger | Jon Solberg | Jon Solberg | 4:54 | Se tekst |
| 9 | Stålstrengsolnedgang | Jon Solberg | Jon Solberg | 3:26 | Se tekst |
| 10 | Sweet old world | Jon Solberg | Jon Solberg | 2:52 | Se tekst |
| 11 | Kom heim | Jon Solberg | Jon Solberg | 3:03 | Se tekst |
| 12 | Ikkje slutt å bry deg | Jon Solberg | Jon Solberg | 2:37 | Se tekst |
| 13 | God som ny | Jon Solberg | Jon Solberg | 2:53 | Se tekst |
| 14 | Så lenge du vil | Jon Solberg | Jon Solberg | 3:38 | Se tekst |
Anmeldelser
«Telemarksbandet «Ni Liv» er nok kjent for de fleste etter utallige konserter rundt omkring i Norge siden oppstart i 2007 og med 6 plateutgivelser på «CV’en». Platen Svarteper …»
«Godt kort. Liker man lun og spenstig visesang om livet, på godt og vondt og det midt i mellom, er Jon Solbergs "Svarteper" et godt kort på hånda.»
«Solbergs beste utgivelse til nå, en hvor tekstene hans virkelig kommer til sin rett. Telemarkingen skriver godt, nemlig.»
«Verken Jon Solberg eller lytteren sitter igjen som svarteper etter å ha snurret seg gjennom 14 sanger. Her er mange gode kort.»
På spillelister
Alle spillelister-
«Tusen tomme ord»
A-liste -
«Tusen tomme ord»
B-liste


