Sangtekst
Privat rennestein
Staut · Tekst og musikk: Ørnulf Juvkam Dyve
Han hadde vel knapt nok ei krone te overs og den spanderde´n bort Fekk se altfør mykjy vin ein kveld som´en drakk opp altfør fort
Så vart´n nok full også stigla´n se opp te å danse sjømannsvals Og i sin eigen private rennestein søvna´n inn i ein siste dans
Dei flokka se rundt´n og titta på´n mens dei delde ei helv ei på tre Det va som det brukte, dei kjende det att så dei let´n få ligge i fred
Så drog dei se undå og gjekk kor te sitt mens han pusta eit siste drag Og i sin eigen private rennestein fekk´en leva ein siste dag
Åh åå hei Ein shanty om han du veit Gjord´kji katta førtred men han brukte ein slant på´ drikke se full iblant
Så vart dagen ny - hanin gol og sorgbyga la se te ro Følk nevnde på han som sku leggast i jord så ei gravøl vart fort te to
Det va ingen som kjend´n men visst´ kem det va så dei skåla før´n ein ette ein Men uttafør kroe sto ledig ein plass i ein privat rennestein
Åh åå hei Ein shanty om han du veit Gjord´kji katta førtred men han brukte ein slant på´ drikke se full iblant