Hopp til innholdet

Sangtekst

Den søte kløe

Staut · Tekst og musikk: Ørnulf Juvkam Dyve

Va på brett-tur her ein dag Det va berre e og me ilag Reist´ ein tur te India med 3G-vengeslag Men e sat nå i ein stol ved eit slete skrivebord og hugsa koss mø leikte før i frøsin vintersol

Det va rim på utedo´n Det va tæa utta blod Og mens neggelspretten herja stod mø plog i beksømsko Rundt om englo va det snø Mø gjekk i ring på frøsin sjø Det va så lett å leva den gong stillongsen sku klø

Bortved postkassa ein dag såg e småguta som stod ilag Så gøtt, sa e, å vara ute Sleppe mas og jag Men så fekk e greie på at no va dei nøygd´ te gå Sku leike med einan så dei laut heimatt og logge på

Ingen rim på utedo´n Ingen tæa utta blod Får alder vara neggelsprettne kids i beksømsko Ingen engla, berre snø Ingen skøyteløp på sjø Men verst tå alt; dei veit ´kji koss ein stillongs kunne klø

Så vakna e ein vinterdag og stega ut på gard´n Så fann e høggestabbin neri skålin Der la e eplebrettet mitt og høgde det i tusen bits Strauk utfør jorde som ei trimma høgstmaskin

Vill ha rim på utedo´n Kjenne tæa utta blod Og mens neggelspretten herja sku e plog´ i beksømsko Laga englekor i snø Gå i ring på frøsin sjø Og neiggu om e klaga sjøl om stillongsen sku klø

Det va rim på utedo´n…