Sangtekst
Håpet som håv
Byting · Tekst og musikk: Thomas Hellekås
Kan du sjå meg i augun og sei dei fortæl at eg ikkje e` vøldsom urettferdig og fæl viss eg sie` du e vakker som isen e skjør, som blenkjer i lyset, som gull på ei fjør.
Da eg låg på botn i mørkret og sov hjalp du meg opp igjen med håpet som hov. Når du held meg om livet og stend som et skjold, slepp eg litt onda livet i moll.
Så nå ligg eg i graset og hører di røst som legg seg i kring meg som et teppe a` trøst. Og fuglane sang meg ein ven melodi om vegen og livet og ting som sku’ bli.
Og om vegen i livet blei delt som ein bekk og eg datt uti og blei føra vekk. Så veit eg du finn meg og fører meg heim. Du let meg ’kje ligge på botn som stein.