Hopp til innholdet

Sangtekst

Flyg mot ein vind

Byting · Tekst og musikk: Thomas Hellekås

Tidleg ein morgo’ eg vakna, gut Eg såg i spigjelen at eg såg ikkje ut Eg ventar på at sola renn te’ hi sida a’ gryningen Jentur dei kjem og gjeng i mitt hjerteforma badebasseng Kjenner på den tyngste bør Det har aller stoppa meg før

Og eg flyge’ mot ein vind Det e’ like før eg kastar meg inn Men takk færr at du spør Det har vore ein vinterdag før Denna sjela e’ langt i frå skjør

Følk dei sie te’ meg: Jau, om eg fortset slik eg vaknar dau’ «Det som rir deg e’ ikkje i trav Det e’ full galopp te’ di mørke grav» Men eg har kompisar når det gjeld Dei støar meg te’ seint på kveld Flaska døyver med sitt grep og gøymer det eg har på slep

Og eg flyge’ mot ein vind Og det e’ like før eg kastar meg inn Så finn ei flaske te’ Eg e’kje akkurat vanskeleg å be Hell i et glas og slå deg ned

Å! Du jordiske hylster; takk færr meg Eg som va’ uoverstigeleg Segg te’ jentun: Ikkje skrik At eg e’ dau’ e’ over mitt lik

Men eg flyge’ mot ein vind Og det e’ like før eg kastar meg inn Tek gitaren og gjeng Nå syng eg mitt siste refreng Ditt gode selskap e’ elt eg treng Ditt gode selskap e’ elt eg treng