Hopp til innholdet

Sangtekst

Høvdingen

Byting · Tekst og musikk: Thomas Hellekås

Tåka frå fjella kom sigande på og samla seg rondt meg så eg ikkje fekk sjå. Ho heldt meg færr augun, men hjartet mitt ser ein skugge i tåka som smiler og ler.

Og skuggen i tåka; det va som'n sa: ”Ikkje ver lei deg. Elt gjenge bra.” Eg prøva å prate, men orda forsvant. Eg prøva å gå, men eg kom ikkje langt.

Færr orda blei sløve og nådde ikkje fram. Og tonan’ blei døve og mista sin klang. Og elva ho stilna brått i si bukt. Den einaste rørsla va’ ei kråke på flukt.

Eg såg deg i draume’; ved vegen du låg og kikka på noko eg ikkje såg. Du va’ nok elt framme og satt ved ditt bord. Ein engel heldt deg i hånda da du resste frå jord. Du hjølpte dei fleste sjøl’ om kroppen va’ støl. Du tenkte på andre meir hell deg sjøl’.

Så vegen te’ haugen va’ lengre i dag. Og klokkun’ dei kima med mørkare slag. Du levde som våren med livande sprell. Høvdingen på haugen fær gvile i kveld.

Så følka i Himmelen kan glede seg nå der du kjem i bootsa og pilotbrillun på. Du blir nok et midtpunkt med harpa som lét. Eg minnest deg bestandig med latter og gret. Eg minnest deg for bestandig med latter og gret.