Hopp til innholdet

Sangtekst

Saknad

Anne Karin Kaasa · Tekst: Øyvind Rosland · Musikk: Aashild Rosland Andexler

Julematen ho set på bordet og høgtid fyller det vesle rom To hender kviler ei stund mot duken ved eine sida ein plass er tom

Eit lys skal brenne på denne staden for det som alltid vil leve att For sol og skuggar som dei fekk saman for det som skjedde julenatt

Det skin frå treet mot mørke ruter der ute vinden har snøfnugg med Ho står i døra så stilt og høyrer det døyvde suset av vinterfred

No strøymer minner i sorg og lengsel men godt å kjenne det likevel Dei gamle tonar så heimekjende den milde varmen av julekveld