Sangtekst
Innan det blir morgon
Anne Karin Kaasa · Tekst: Ylva Eggehorn/Nynorsk: Ragnar Kaaasa · Musikk: Benny Andersson
Så kom du då til sist du var ein framand ei myte som eg høyrt dei tala om Og mange hadde måla dine bilete men det var bortom bileta du kom
Vi trudde du kunne brukast til så mykje vi skreiv ditt navn for hjelp i vår strid Vi bygde katedralar høgt mot himmelen men du gjekk heile tida lenger ned
Du er eit barn som ligg der på eit jordgolv du frys om du ikkje får vår hjelp Du tar på oss med dine gode hender du gjev kjærleiken den beste vin
Du stig ut av alle tomme graver du er ein vind som seier det blir vår Du kjem som ein flyktning over heiar du fylgjer oss dit ingen annan når
Du er den song om livet som eg gløymde den sanning eg forrådde dag for dag Eg sveik meg sjølv den spegel som eg gøymde ser dine sår og dine andletsdrag
Kom nærare bli her hos meg det mørknar kan hende vert det tent eit ljos på ny Ditt liv skal bere meg eg høyrer ein svarttrost som syng innan det blir morgongry