Sangtekst
Balladen om Cleng Person
Torolf Nordbø · Tekst og musikk: Torolf Nordbø
Navnet var Cleng Person, han blei fødd i Tysvær, søttne mai, i året søtten hundre sytti tri fødselsdagen peika fram mot Grunnloven og det å vera fri Han for til Finnøy knappe tjue år, blei gift med ei på seksti, sleit på gard i femten år med sau og kyr Han lengta alltid bort frå kvardagsslit, mot fjerne land og nye eventyr.
Kongemakt og presteskap forfølgde Haugianarar og Kvekarar og fattige og små Cleng og Knut for til Amerika, sko kjøpa jord til dei om det var råd Itte tri år rundt til fots dei kjøpte eigedom i Kendall, der var fisk og vilt, og tømmer i frå skog. Heim til Norge,-- i frå vennner i Amerika, dei sa farvell og drog
Cleng Cleng du har eit mål, Cleng Cleng og ein vilje av stål, Universet er stovå di, Himmlen ditt tak, Frihet og brorskap og rettferd di sak
Med ein Slupp «Restaurasjon» som navn, i attentjuefem, den fjerde juli, drog dei femtito avstad Cleng var reist i førevegen, men ombord var Lars, då va det trygt å dra Så kom dei fram te Ny York og te Kendall, det blei åtta år med fattigdom og sjukdom og med slid Dei drog vidare mot Illinois i håp om nye hagar og ny tid. Landet her var bere, det blei framgang men som ofte fører framgangen --- også med seg strid. Det blei ikkje heilt den himmelen på jordå som var målet for Clengs slid
Cleng Cleng du har eit mål, Cleng Cleng og ein vilje av stål, Universet er stovå di, Himmlen ditt tak, Frihet og brorskap og rettferd di sak
Cleng braut opp igjen aleine, det var draumane og håpet som gav kraft, og idealå dreiv han fram. Alltid hjelpsam, men blei utnytta og ofte blei det skuffelsar og skam Men Venner i frå månge folk og rasar og kulturar, i frå slavar og te rike, hadd`àn fått Universet er va hans heim, hans Gud var med, i Texas fekk han det så godt
Cleng Cleng du har eit mål, Cleng Cleng og ein vilje av stål, Universet er stovå di, Himmlen ditt tak, Frihet og brorskap og rettferd di sak