Hopp til innholdet

Sangtekst

Draumane mine

Steinar Engelbrektson · Tekst: Oddleif Osland · Musikk: Steinar Engelbrektson

Det vart ikkje noko ta draumane mine til dei var det aldri tid eg sat der i stolen og venta mens dei andre hasta forbi kvar gong eg skulle starte på noko som var berre mitt då kom det alltid noko i vegen eg makta ikkje halde tritt

Med det e`kje det at eg angra på tida som har gått og heller ikkje klandra eg andre for livet gjekk trått men eg kan ikkje fatte at ingen ser min kant at alle andre tenkjer på sitt ja det ser eg no er sant

På denne måten gjekk åra eg såg vel litt svart på alt eg dreiv å skulda på andre eg såg ikkje kva som gjekk galt men so var det ein som sa at eg må prøve å kome på gli so no set eg her å venta at eg skal få litt betre tid

Med det e`kje det at eg angra på tida som har gått og heller ikkje klandra eg andre for livet gjekk trått men eg kan ikkje fatte at ingen ser min kant at alle andre tenkjer på sitt ja det ser eg no er sant

Sjølv om eg sete her einsam eg veit det blir min tur no skal eg vere tolmodig og ikkje vere sur for i draumen kan eg sjå meg sjølv i øverste etasje med tjenar og med sekretær og med Tesla i garasjen

So det e`kje det at eg angra på tida som har gått og heller ikkje klandra eg andre for livet gjekk trått men eg kan ikkje fatte at ingen ser min kant at alle andre tenkjer på sitt ja det ser eg no er sant