Hopp til innholdet

Sangtekst

Nedlagt ferjekai

Stedje, Lothe, Tokvam · Tekst: Finn Tokvam · Musikk: Odd Erik Lothe

Eg gløymer aldri ho som først fekk meg yr og glad Ho lukta eplesjampo og eg lo av alt ho sa Men eg våga aldri leie ho, eg angrar på det valet Det skulle bli oss to, eg skreiv Linda på penalet

I ferien kom Gro, stod ved kaien, selde bær Eg skrensa rundt med sykkelen, prøvde vere svær Eg rissa inn eit hjerta og skreiv Gro på venterommet Men eg skar det vekk med kniv då sommaren var omme

Ref Eg venta på ferja og drøymde om veg Kjærleik på hi sida lokka på meg Men eg kom meg ikkje over, det e kje meir å sei Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai

Så hamna eg på hybel og då kunne allting skje Eg kyssa vel eit par, men eg gjekk no helst i fred Men så møtte eg på Mette og ho fekk meg til å leve Ho gjekk då våren kom, og skreiv takk for alt i brevet

Eg venta på ferja og drøymde om veg Kjærleik på hi sida lokka på meg Men eg kom meg ikkje over, det e kje meir å sei Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai

Kristine var den siste som hamna på mi liste Over alle kjærestar eg rota bort og miste Åra dei har gått og lista har blitt altfor lang Over korte strofer som skulle blitt ein sang

Eg venta på ferja og drøymde om veg Kjærleik på hi sida lokka på meg Men eg kom meg ikkje over, det e kje meir å sei Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai