Hopp til innholdet

Sangtekst

Om (FEAT. SILJE BREKKE VELTUN)

Staut · Tekst og musikk: Ørnulf Juvkam Dyve

Om e tok te å gå mot målet e alder når men e kom ein veg Va det då ei meining

Om det va deg e såg og du sat der målet låg men e kom ´kji fram Va det då ei meining

Mållaust liv å leva Livlaust mål å streva mot Mållaust liv kan tåle meir en livlaust mål e fotefølgde

Om e let dago svive Om e let vinden drive me dit´n vil Va det då ei meining

Om berre e fekk sjå den dagen mø venta på – kom med himmel blå Hadde den ei meining

Mållaust liv å leva…

Men om mø gjekk i lag og om mø slo rot ein dag der det blenkt´ i gull Ga det vel ei meining

Om det mø såg som gull va det reinaste, skire tull men mø fann ei ro Ga det vel ei meining

Mållaust liv å leva…