Sangtekst
Enno
Sol i skuggeskog · Tekst og musikk: Einar Lian-Bjørgum
Eg kan framleis hugse tindrande klårt ein kald vind bles mot meg og eg høyrde du sa: Eg må dra!
Om eg let at augo minnast eg vel korleis alt rundt stilna eit ørlite bel der vi sto.
Bridge Dagane vi hadde leika i lag bles vekk i kalde drag den dagen. Og alt eg såg som fullt og heilt rann ut, rett or hendene mine.
Refreng Enno er det dagar eg lengtar attende. Enno er det net der hjarta gret. Enno finst det gram i meg som vil ha meg til å tru at meininga og løysinga er du.
Om du visste korleis det kjendest då orda fell som steinharde slag mot mitt kinn. Og nett som sumaren visnar og døyr, Svann håpet om dagar vi aldri fekk i lag.