Sangtekst
Ballerina
Sol i skuggeskog · Tekst og musikk: Einar Lian-Bjørgum
Eg er òg ei ballerina Sjå når eg tek min piruett Og flyt over golvet, stille og lett
Eg er òg ei ballerina Sjølv om skjørtet heng på snei Kan eg fleire posisjonar, berre sjå på meg!
Når teppet fer til sides Og ljosa vert tent Står eg heilt bakarst, med augo som brenn Eg strålar ut mot salen, og sjølv om ingen kan sjå, Så veit iallfall eg at eg er ei ballerina eg òg
Eg er òg ei ballerina Sjølv om ingen skulle tru Dansen er mi glede Songen mi tru
Eg er òg ei ballerina Det kan ingen ta frå meg Det er dansen som leier meg Fram på min veg
Når teppet fer til sides Og ljosa vert tent Står eg heilt bakarst, med augo som brenn Eg strålar ut mot salen, og sjølv om ingen kan sjå, Så veit iallfall eg at eg er ei ballerina eg òg Så veit iallfall eg at eg er ei ballerina eg òg