Hopp til innholdet

Sangtekst

Songen om i morgo

Ni Liv · Tekst: Jon Solberg · Musikk: Jon Solberg/Jan Birger Akerhaugen

Skål for draumar det aller blei noko av Som dansa om dagen og som lyste om nåtta Eg riv i ein øl, du riv i eit håp E det nytt å fortelja heimifrå? Og me syng ein song Ein god song Ein god song om i morgo

Skål for måla me aller gredde å nå Som fekk kånn på beina og som fekk kånn te å gå Eg e ‘kje deprimert, eg e bare litt trist Du e ‘kje skada, du har bare slått deg litt Og me syng ein song Ein god song Ein god song om i morgo

Skål for Berit i butikken med spørsmål og lure smil Skål for Helge på hotellet som aller tek seg ein gvil Skål for bygda, her følk fær det te Du veit, det e bære at ho veks enn at ho blir lagt ned Og me syng ein song (Syng ein song) Ein god song (Syng ein song) Ein god song om i morgo

Ein konfirmant på veg te messe Ein menig te si plikt Ei studine te sine bøkar Ei mor te sine dikt Som filosofar har me leita etter svar Lengta etter meir og vore glade for det me har

Skål for kveldar med tusen historier Leirbål og stjernehimlar, og lykka når du ler Skål for deg, min vakre venn nå renn lyset og tida inn i baren igjen Og me syng ein song (Syng ein song) Ein god song (Syng ein song) Ein god song om i morgo

Ja, me syng ein song…