Hopp til innholdet

Sangtekst

Det lyser i stille grender

Hans Fredrik Jacobsen · Tekst: Jakob Sande · Musikk: Lars Søraas d. y.

Det lyser i stille grender av tindrande ljos ikveld, og tusunde barnehender mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall, som kom og vart heimsens frelsar som barn i ein vesal stall.

Han låg der med høy til pute, og gret på si ringe seng, men englane song der ute på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen ved natt over Davids by, den evige himmelsongen som alltid er ung og ny.

Ingen er så trygg in fare, som Guds lille barneskare Fuglen ei i skjul bak løvet, stjernen ei høyt over støvet