Hopp til innholdet

Sangtekst

Det blir

Garness · Tekst: Christine Sandtorv · Musikk: Ingelin Reigstad Norheim/Hildegunn Garnes Reigstad

Det blir til nåkke Det blir til nåkke alle desse lause ordene tankane og halve setningane når du berre finn drivet og meininga igjen

Det blir til nåkke Det blir til nåkke alle desse plankebitane spikarane, stiftane og skruene når du berre finn hammaren og slår deg laus, min venn

Det blir til nåkke stort eller kanskje nåkke lite det blir til nåkke heilt unikt som ingen heilt kan vita

Det blir til nåkke Det blir til nåkke alle desse papirbitane blyantstrekane, dokumentene når du berre finn stiftemaskina og tar deg kraftig sammen

Det blir til nåkke Det blir til nåkke alle desse malingsflekkane palettane, lerreta og penslane når du berre ser lyset og kjem fram frå skyggane igjen

For det blir til nåkke stort eller kanskje nåkke lite det blir til nåkke heilt unikt som ingen heilt kan vita

Det blir til nåkke Det blir til nåkke alle desse tonane rytmane og melodiane når vi berre finn kvarandre og harmoniane igjen

Det blir til nåkke stort eller kanskje nåkke lite det blir til nåkke heilt unikt som ingen heilt kan vita