Sangtekst
Båe sider no
Erlend Gunstveit · Tekst: Joni Mitchell / Norsk tekst: Johannes Gjerdåker · Musikk: Joni Mitchell
Englevengjer fritt i flaum Iskremslott i luftig straum Og mjuke dalar djupt i draum Slik såg eg skyer før men no er skuggar i kvar sky Der berre snø og regn har ly Eg stundar tidt mot sol på ny Men møtte skytungt slør Eg her sett båe sider no Og eg må seia om dei to Eg hugsar skyer eg har drøymt Kva skyer er, det har eg gløymt
Ljos og ros ei juninatt Då svimre hjarteslag kom att Og eventyret levde radt Slik såg eg kjærleik før Men no har allting endra seg Dei berre smiler når du dreg Så la dei aldri kjenna deg Kvar du i verda trør Eg har sett båe sider no Og eg må seia om dei to Eg hugsar kjærleik eg har drøymt Kva kjærleik er, det har eg gløymt
Våt av gråt og hjartans kløkt Ei ung sjel sa ho elska høgt I medan allting skifte snøgt Slik såg eg livet før Men no har vener vendt seg frå Eg ekje lenger å forstå Om mangt gjekk tapt er mangt å få I livet ved mi dør Eg har sett båe sider no Og eg må seia om dei to Eg hugsar draumar eg har drøymt Kva livet er, det har ... Eg hugsar draumar eg har drøymt Kva livet er, det har eg gløymt