Hopp til innholdet

Sangtekst

Den fyrste song eg høyra fekk

Diverse artister · Tekst: Per Sivle · Musikk: Lars Søraas

DEN FYRSTE SONG EG HØYRA FEKK

Den fyrste song eg høyra fekk var mor sin song ved vogga. Dei mjuke ord til hjarta gjekk, dei kunne gråten stogga.

Dei sulla meg så underleg, så stilt og mjukt te sova. Dei synte meg ein fager veg opp frå vår vesle stova.

Den vegen ser eg ennå tidt når eg fær auga kvila. Der stend ein engel, smiler bildt som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar av i strid mot alt som veilar. Eg høyrer stilt frå mor si grav den song som allting heilar.