Hopp til innholdet

Sangtekst

Eg er så glad kvar jolekveld (Anne Karin Kaasa/Reidar Svare)

Diverse artister · Tekst: Marie Wexelsen Nynorsk: Bernt Th. Anker · Musikk: Peder Knudsen

Eg er så glad kvar julekveld, for då vart Jesus fødd. Då lyste stjerna som ei sol, og englar song så søtt.

Det vesle barn i Betlehem, han var ein konge stor, som kom frå høge himmelborg ned til vår arme jord.

No bur han i sin himmelheim, han er Guds eigen Son. Men alltid minnest han dei små som bed med tru og von.

Eg er så glad kvar julekveld, då syng me Jesu pris, då lèt han opp for alle små sitt vene paradis.

Ho mor ho kveikjer alle ljos, dei skin i kvar ei krå, for heile verda, seier ho, skal julestjerna sjå.

Ho seier alle englar syng enno om fred på jord, at himlen like open er Guds kjærleik like stor.