Sangtekst
Attergløyme
Camilla Lou · Tekst og musikk: Camilla Louise Økland Skredderberget
Alltid har ho sett andre før seg sjølv Det er det motsatte tå alt, det dei fleste andre gjer Ho har gjett alt som ho har, vælt vekk alt som ho kan Ho har reist dit ho vil, vekk frå eige land
Freidig og sterk, fornøyd med sitt liv Men allikavell Ho sa: Si meg ein ting, ser du nokon ring?
Koffor vart det ho som skulle bli ei attergløyme? Koffor vart det ho som skulle væra att åtleine?
Det er eit valg som ho har tatt, heilt på eigenhand Å leva livet for seg sjølv, ingen barn og ingen mann Men no så kan ho sjå det som ho mangla sjølv Koss dei lyfta korandre opp, koss dei bær korandres bør
Freidig og sterk, fornøyd med sitt liv Men allikavell Ho sa: Si meg ein ting, ser du nokon ring?
Koffor vart det ho som skulle bli ei attergløyme? Koffor vart det ho som skulle væra att åtleine?
Eit valg, det er for seint å lindre Trong ho det, noko mindre? Det var ikkje slik at alle sjangsan va tatt Men no sit ho der som ei som vart att
Koffor vart det ho som skulle bli ei attergløyme? Koffor vart det ho som skulle væra att åtleine?